DIS-Norge
 
  English Norsk  

Time

 

Time kommune

Slektsforskerdatabaser
Time
 
Folketellinger
1121 Time 
 
Andre ressurser
Sambok
Søkbare kilder
 

Kommunenamnet Time kjem av det gno. gardsnamnet þimin. 
Namnet er eit såkalla -vin namn, som tyder naturleg eng, eller beite. Føreleddet er litt uklart, men kan tyda noko i retning av tina, tø opp, bli våt. Namnet kan dermed ha samband med våtmark, myrjord.

Vipa er motivet i Time sitt kommunevåpen sidan 1978. Vipa er eit sikkert vårteikn, og eit symbol på optimisme og pågangsmot. I monumentalverket Fred skriv diktaren Arne Garborg:
“...Våren var komen; nordvesten tok si tyngjande hand bort frå landet og alt livna opp ...Ungane kom heim frå mark og myr, så glade at dei lo -: 
“Vibå æ komen! Mor, vibå æ komen!” –

Time kommune ligg på Midt-Jæren. I nord og vest grensar kommunen til Klepp, i nordaust til Sandnes, i aust til Gjesdal og Bjerkreim og i sør til Hå. Kommunen har eit areal på 182 km2. Av dette er 13 km2 vatn og 68 km2 jordbruksareal.
I grove trekk kan ein seia at det er to landskapstypar i kommunen. I den vestre delen finn vi det typiske, flate Jær-landskapet. Her ligg og det meste av jordbruksareala.
Mot aust finn vi eit kupert og variert heilandskap med lynghei og noko skog og beite, og med talrike vatn, elvar og bekker innimellom.

Time kommune hadde 16 450 innbyggjarar pr. 01.01.2011. Einaste byen er Bryne, som og er administrasjonssentrum og har gode servicetilbod på dei fleste område. Andre tettstader er Lye, Kvernaland og Undheim.

Time har eit etter måten allsidig næringsliv, med industri, jordbruk og servicenæringar som dei viktigaste.

Friluftsliv
Naturen i Time gir høve til eit variert friluftsliv, frå småturar på vel opparbeidde turvegar i nærmiljøet til lange turar i heiområde der stiane ikkje er merka og du sjeldan møter folk. Eit særtrekk ved Jær-regionen, og Time, er eit omfattande husdyrhald. Det er difor særs viktig at det vert teke omsyn til dyr på beite under alle former for friluftsliv. Særleg vil ein oppfordra folk med hund om å respektera reglane om å halda hunden i band i den tida bufe beiter.

Friluftsloven gir folk rett til å ferdast fritt til fots og på ski i utmarka året rundt. I innmark er det forbode å ferdast i tida frå 30. april til 14. oktober, men ein kan likevel ferdast langs stiar og vegar som er opne for alminneleg ferdsel i slike område. Friluftsloven slår og fast at folk har lov til å plukka vanlege blomar, nøtter, sopp og bær i utmark. Rasting, bading og bruk av kano og båt utan motor er og lovleg. Telt kan settast opp i utmark (minst 150 m frå hus eller hytte) i inntil 2 døgn. Lengre opphald krev samtykke frå grunneigar. Jakt og fiske krev kjøp av kort eller avtale med grunneigar.

Time kommune har seks museumsanlegg.
Time kommune er eigar og forvaltar av anlegga. Organisering av besøk, formidlingar, osv. - ta kontakt med Servicetorget i Time.

Knudaheio er diktaren Arne Garborg si sommarstove på Jæren 1899-1923. Huset stod ferdig i 1899, og diktarenkom hit første gong i mai same år. Han kom hit nesten kvart år, og budde her alt frå nokre dagar til eit par månader.

Staden har gitt namn til det biografiske storverket Knudaheibrev frå 1904, av mange sett på som det siste frå diktaren sin penn. Huset og stova er som dei var då diktaren budde her. Innreiing og inventar er autentisk, og framstår utvendig som det så ut i 1909, då Garborg fekk sett det skikkelig i stand. Opphaveleg hadde huset torvtak og haljekledde vegger.
Inne er det utstilling av dei fleste bileta tekne av Garborg i og utanfor huset, diktaren sine møbler og andre eignedelar, samt kopiar av første-utgåver av dei fleste bøkene.
Arne og Hulda Garborg er hauglagde i hagen på eigedommen (1925 og 1935).
Ved parkeringsplassen i Knudaheio vart det reist to monument i jubileumsåret 2001:
Varden "Tek kvar og ein sin vesle stein" er laga av borna i krinsen; og steinansiktet " 'an Aadne" med "all denne fagre utsyn" er laga av kunstnaren Hugo Frank Wathne, og gitt til Time kommune av Arild Håland.

Knudaheio ligg ved FV 201 ved Undheim, 13 km frå Bryne på RV504.

Garborgheimen er diktaren Aadne - seinare - Arne Garborg sin (1851-1924) barndomsheim. Huset vart bygd i 1848 av Ane Oline og Eivind Aadneson Garborg, diktaren sine foreldre. Huset var i familiens eige og bruk til 1869. Det vart Time kommune sin eigedom i 1940. Det budde folk i huset til 1947. Ved hundreårsjubileet for diktaren i 1951 vart det museum.

Garborgheimen er eit godt bevart jærhus, og med innreiing og møbler frå 1850-åra gir det et godt bilete av den kulturelle og sosiale bakgrunnen til diktaren. Nokre få gjenstandar er stadautentiske; den blå kista, ei hylle og ein lysestake, medan det meste er tidsautentisk. Huset er skodeplass i fleire av diktaren sine verk, m.a. i hovudverket Fred frå 1892. Den freda eigedommen ligg ved RV 505 (Bryne - Varhaug) på Garborg, 8 km frå Bryne.

Garborgheimen er open søn- og helgedagar, 12-17, frå påske ut september. Sommarope kvar dag i juli og halve august, 12-17.

Time bygdemuseum ligg på tettstaden Undheim, ca 12 km frå Bryne, ved RV 505, og består av innsamla materiale gjennom mange år i kommunen.

Museet ligg i andre og tredje etasje i Undheim Samfunnshus. Det er delt inn som ei rekke husrom som er møblerte og inneheld gjenstandar og reiskapar med tilknyting til kvart rom: Stove, soverom, kammers, vaskerom osv. Det er også ei krambuavdeling, og ei skule-avdeling. I tredje etasje er det utstilling av større jordbruks-reiskapar og vogner, samt anna større utstyr til gardsdrift.
Samlinga inneheld meir enn to tusen gjenstandar, med hovudvekt på bondesamfunnet på 1800- og 1900-tallet.
Time bygdemuseum er ope ein sundag i månaden, dei sundagane det vert servert sundagsmiddag på Samfunnshuset. Dette har eigen annonse i dagspressa. Opningstida er då 12-15.30. Gratis adgang.

Træe (av trede, plass å gå), husmannsplass og kårstove under garden Line, er frå ca 1780. Det var i bruk til like etter 1900.

Huset vart gitt til Time kommune i 1951. I 1997 vart det gjennomgåande restaurert, og framstår i dag nær opp til det opphavlege. Træe er eit jærhus med møneretning s-a/n-v, som skikken var. Den lafta firkantstova er sværtliten, ca 3,5x3,5m. Kjøkenet har grue og jordgolv, og i grua er det gjennomgang for bileggaren i stova. Taket har handlaga panner. Materialbruken i denne typen hus var elles prega av sparsam bruk av tre, det var stein og halmkledning , halje, og never med grastak som utgjorde byggemateriala. Stova var gjerne av tømmer, mens endane var grind med steinmur. Høyløa i forlenginga av Træe mot s-a har grind-konstruksjon. Fjøset er innbygd i bakken, med landkum og plass til to kyr. Husmannsvesenet hadde litt andre dimensjonar på Jæren enn elles i landet. I 1875 var det 54 husmenn i Time, i 1920 var det bare 3 igjen. Træe ligg like ved RV 44 sør for Bryne, og seiest å vera det mest fotograferte og malte huset på Jæren.

Huset er ope søndagar i juli og halve august, kl. 13-16. Det kan bestillast formidlingar gjennom heile året.

Fotland kraftstasjon vart opna i 1915. Den skulle då forsyna Time kommune med straum "i all framtid". Etter tre år var kapasiteten sprengd.

Kraftstasjonen var i drift til 1972. Då vart han nedlagd etter ein turbinskade. Samla produksjon siste produksjonsåret utgjorde 2% av årsforbruket i Time!

Teknisk Museum i Time frå 1977. Vasskraftmuseum for Jæren frå 1991. I tillegg til eit intakt indre, er det utstilling av bilete og gjenstandar frå anleggs- og byggeperioden, og i 2. etasje er det utstilling av foto og gjenstandar frå Time i gamle dagar.

Fotland mølle ligg ved Fotlandsfossen (gmn. Forsland - landet ved fossen), i krysset mellom FV 206/210, ca 6 km frå Bryne.

Mølla vart bygd i 1845 som industrimølle, på ein stad det var blitt drive maling sidan 1200-talet, og der det var registrert maling for profitt på 1600-talet. Mølla vart plassert over to eksisterande kvernhus, det vart laga nytt vassinntak, og vatnet vart slik nytta tre gonger før det rann ut igjen i Håelva. Ei av dei aller første industrismiene på Jæren vart samstundes etablert i mølla. Mølla sveiv til 1968. I 1972 vart ho gitt til Time kommune av Fotland-familien, som hadde drive maling i fleire generasjonar. I 1995 vart mølla gjenopna som museum og utstillingslokale. Fast utstilling: "Korn gav liv". Video som viser mølledrift på 1960-talet. Vekslande kunstutstillingar gjennom sesongen, som er frå påske og ut oktober. Enkel servering. Tursti. Sal av brukskunst i Torvhuset. Restaurert kvernhus nedanfor mølla.

Fullføring av det siste kvernhuset gjenstår før anlegget er fullført slik det var etter 1845.
Ved fossen har elva grave seg ned gjennom fylittberget. Fylitt er ein svakt omdanna leirsedimentær bergart som blei avsett på havbotnen over grunnfjellet for 500-800 millionar år sidan.