DIS-Norge
 
  English Norsk  

Rennesøy

 

Rennesøy kommune

Slektsforskerdatabaser
Rennesøy
Finnøy
Mosterøy
 
Folketellinger
1142 Rennesøy 
1141 Finnøy 
1143 Mosterøy
 
Andre ressurser
Sambok
Søkbare kilder
 

Dei grøne øyane

 

Rennesøy kommune er ein del av det unike øyriket i Ryfylke og ligg i grenselandet mellom Nordsjøen og det fjordrike indre Ryfylke. Denne plasseringa gjev stor spennvidde og variasjon i natur og landskap.

Kommunen har åtte busette øyar. Det er 

  • Rennesøy
  • Mosterøy
  • Bru
  • Fjøløy
  • Klosterøy
  • Vestre Åmøy
  • Sokn
  • Brimse.

Kommunegrensa er frå reguleringa i 1965 og før den tid fanst her to kommunar eller herad; Rennesøy og Mosterøy. Sidan opninga av Rennfast i 1992, er alle øyane untatt Brimse knytt saman med bruer og undersjøiske tunellar. 
I tiåret før Rennfast var det nedgang i folketalet. Etter opninga aukar folketalet med netto tilflytting.

Kommuneplanen regulerer tilflyttinga og folkeveksten, slik at ho ikkje vert høgare enn kommunen klarer å følgja opp sosialt, kulturelt og økonomisk.

Dei fyrste som kom hit for omlag 11 000 år sidan, var nomadar som levde av jakt. 

Dei budde her nokre veker om gongen og flytta etter som viltet vandra og årstidene skifta. Det var ein gradvis overgong frå å hausta av naturen til å leva av å dyrka jorda. Ordet bonde betyr bufast. Når ein byrja å dyrka jorda, vart folk bufaste.

Historisk har jordbruk, fiske og sjøtransport vore dei viktigaste næringane. Desse var ofte drive i kombinasjon med kvarandre. Sildefisket om våren var ei særs god inntektskjelde og var ein viktig grunn til at mange bønder kunne kjøpa gardane på 1800-talet. Når moderniseringa skaut fart på midten av 1900-talet, valde dei fleste å satsa på landbruk.

Kultur og historie

Rennesøy er ein av kommunane i Noreg som har flest registrerte og høgast tettleik av fornminne.

Det er gjort funn av menneskeleg aktivitet heilt frå 8-9000 år f. Kr. Totalt er 480 lokalitetar og 1600 enkeltobjekt av fornminne registrert.

Busetningar, gravhaugar, helleristningar, bygdeborger, steinkors, bautasteinar og klebersteinsbrot.

I tillegg ei rekkje mindre gjenstandar som reiskap og smykke. Sørbø kirke og Utstein kloster er nok dei mest kjende fornminna.

Historisk har Rennesøy ein sentral plass som busetningssområde.

Årsaka er nok rikeleg tilgang på mat den gong fangst, fiske og sanking var livsgrunnlaget. Da jordbruket gjorde inntog seinare, var det heller ingen grunn til å forlate området. Øyane har vore eigd av kyrkja, seinare vart dei krongods og først på midten av 1800-tallet vart bøndene sjølveigarar. Rundt 1800 budde det 942 menneske på øyane.

Rennesøy bygdemuseum består av samlingar knytt til det gamle bondesamfunnet, samt husmannsplassen Bakken. Elles er det rehabilitert ei vindmølle ved Rennesøy skule.

Harald Hårfarge etablerte kongsgard på Klosterøy seint i det 9. århundre.

Rundt år 1200 bygde Magnus Lagabøter kongsgarden som i dag erUtstein Kloster. Frå 1265 og fram til reformasjonen i 1537 var klosteret eit Augustinar-konvent.

I 1539 vart Utstein Kloster plyndra.

Dei to neste hundreåra var prega av forfall. Christopher Garmann overtok klosteret i 1750 og starta eit omfattande vedlikehaldsarbeid. I 1950 og 1960-årene vart klosteret på nytt restaurert. Utstein Kloster er det best bevarte middelalderklosteret i Noreg og har ei rekkje fine detaljar både inne og ute. Legg særskilt merke til altertavla, døypefonten, dei smale tårntrappene og dei gamle trea i hagen. Landskapet rundt er vakkert og velhalde.

Munkane er forlengst borte, men den sakrale stemninga er framleis til stade. Det vert arrangert jazz- og klassiske konsertar i klosterkyrkja og kurs og seminarer vert haldne i lokalar med historisk sus.

Naturen
Kulturlandskapet på Rennesøy er forma gjennom tusen av år.

Klimaet er maritimt, mildt og fuktig. Gjennomsnittleg nedbørsmengde er 1300 mm. pr. år. Geografiske plassering, det gunstige klimaet og mangfaldet av naturtyper gjev variasjon i dyre- og planteliv. Øyane i dette området er grøne mesteparten av året. Dyrelivet er rikt både i tal dyregrupper og tal av artar i kvar gruppe. I den seinare tid har bestanden av hjort auka. Spesielt er mange marine fuglearter og fisk registrert. Det er to naturreservat, Bjergavatn og Førsvollvatn, som har rikt og variert fugleliv.

Nordre Rennesøy Fuglefredingsområde ligg like aust for E-39 og er ein viktig hekke- og rasteplass for ei rekkje gjæser, ender og vadefuglar. Kommunen har fleire gråhegrekoloniar og ein av Noregs tettaste bestandar av ramn.

Mykje av berggrunnen er næringsrik og forvitrar lett.

Dette gjev ofte rik flora. Bakkane ned mot Mastrafjorden er eit artsrikt eldorado og her finn ein blant anna orkidéen vårmarihand. Dei høgast liggjande områda på Rennesøy består av ein god del kystlynghei. Den er skapt gjennom ein tusenår lang tradisjon med slått, brenning og beiting i utmarka.

Friluftsliv
Dei åtte øyane byr på store moglegheiter for båtfolk, naturelskarar, kultur- og historieinteresserte.

Den lange kystlinja kan gje gode fiskeopplevingar anten frå båt eller land. Gjestehamner, badeplassar og friområder er avmerka på kart. I tillegg er det mange naturlege badeplassar. Ynskjer ein god utsikt og flott landskap vert turstiar anbefalt.

Utstein kloster - en kulturskatt fra middelalderen