DIS-Norge
 
  English Norsk  

Randaberg

 

Randaberg kommune

Slektsforskerdatabaser
Hetland
 
Folketellinger
1126 Hetland 
 
Andre ressurser
Sambok
Søkbare kilder
 

"Den grønne landsbyen" 

Randaberg kommune ligger som Jærens nordre spiss, med Stavanger som nærmeste nabo. Kommunen grenser også mot Sola i sørvest (i sjø), Rennesøy kommune i nordøst og Kvitsøy kommune i nordvest.

Bygda Randaberg har fått namnet etter garden Randeberg. På Randabergfjellet sto kyrkja, her budde presten, her sto varden og her budde Jon Torbergsson, den mektigaste mannen som nokon gong har budd i Randaberg.

Antall innbyggere per 01.07.2011 er 10 129.
Areal: 24 km2.

13000 år gammel historie
Kommunen er fra gammelt av mest kjent som en jordbrukskommune.

Klimaet er mildt, og noen av de første bosetterne i Norge slo seg til her. I Svarthola, en viktig turistattraksjon, er det funnet spor etter bosetting 6000 år f. Kr.. Randabergs historie strekker seg 13 000 år tilbake i tid. Du kan lese mer om historien til Randaberg ved å å bruke menyfeltet til venstre.

Det er mye fint å se og oppleve i Randaberg - Den grønne landsbyen.

Motivet til kommunevåpenet i Rennesøy, to sølvfarga krumstavar på blå bakgrunn, er henta frå Utstein Kloster som ligg på Klosterøy. Dette er unikt som det einaste bevarte middelalderklosteret i Norge.

Klosteret vart eigentleg etablert som kongsgard for Harald Hårfagre på slutten av det 9. århundre. Rundt år 1200 bygde Magnus Lagabøter det som i dag er Utstein Kloster, og som han ga vidare til Augustinarordenen. Frå 1265 og fram til reformasjonen i 1537 vart klosteret drive som eit Augustinarkonvent. Abbeden var den øvste leiaren ved klosteret, og krumstaven var eit symbol på embetsmakta hans. Kulturstyret i Rennesøy ynskte å bruke eit motiv frå Utstein Kloster i kommunevåpenet, og Riksantikvaren foreslo då å velje krumstaven.

Attraksjoner
Attraksjoner som fine sandstrender, turveger, Tungenes fyr, Vistnestunet og andre kulturminner, er vel verdt et besøk. I tillegg finnes det et rikt kultur- og idrettsliv i kommunen. Golfbane finner du på nordspissen av kommunen, cirka 5 km fra sentrum i Randaberg.

Persilleproduksjon
Randaberg er fortsatt en aktiv jordbrukskommune, og har blant annet over 80 % av Norges persilleproduksjon. 
I tillegg leveres årets første poteter til Slottet herfra.

Historien til Randaberg er 13 000 år
Bygdebokforfatter Birger Lindanger har skrevet teksten under. Han har forfattet fem bygdebøker for Randaberg.

For 13.000 år sidan drog storisen seg bort frå Randaberg. I løpet av det næraste tusenåret dukka dei fyrste menneska opp etter å kryssa Norskerenna frå Nordsjøkontinentet. På den tida sto sjøen 25 meter høgare enn i dag og gjorde bygda til ei samling øyar og holmar og klimaet var om lag som på Grønlandskysten i dag.

Gradvis steig landet og klimaet blei mildare. Kring 6000 f.Kr. dukka Svarthola opp av havet og blei teken i bruk av folket som då levde som samlarar og jegerar. Dette var truleg hovudbuplassen for ein stamme på kring 25 medlemmar og som hadde Nord-Jæren som sitt område. Kring 4000 f.Kr. starta ein så smått med jordbruk attåt fangsten. På denne tida var klimaet som i Paris og bygda var dekt av store, varmekjære lauvblandingsskogar. Fyrst frå kring 2000 f.Kr. reknar me med at randabergbuen fekk jordbruket som hovudnæring og dei blei bufaste. Etter alt å døma organiserte ein seg nå i litt større samfunn. Som monument frå denne tida, finn me framleis store gravrøyser.

Kring 500 f.Kr. blir klimaet meir som i dag og skogen forsvinn. Samstundes tek folk så smått i bruk jernet. Folketalet stig etter Kristi fødsel, og når eit høgdepunkt i folkevandringstida kring 500 e. Kr. På den tida har det vore minst 33 gardar i bygda som då kan ha hatt ein busetnad på kanskje 200 -300 menneske.

Kring 550 e.Kr. ser det ut til at folkevandringsbusetnaden braut saman. I alle fall blei ei lang rekkje av desse gardane lagde øyde for godt på denne tida. Då folketalet på ny tok seg opp kring 700 e.Kr., fekk ein også utvikling mot ein ny måte å organisera gardsdrifta med klyngetun og permanente åkerområde. På 1100-talet blei det reist to kyrkjer i bygda med kvar sin prest; ei på Randaberg og ei på Viste. Kanskje var også bygda delt i to kyrkjesokn.

Elles heldt det til adel både på Randabergfjellet, der lendmannen Jon Torbergsson var den mest kjende, og på Viste. Det kan også sjå ut til at Goa var ein sentral gard. Her låg skipreidenaustet, her sto det ein stor steinkross som samla folk til gudsteneste før ein fekk kyrkjer, og her må òg tingstova ha lege sidan skipreida fekk namn etter garden. Heile Randaberg, Tasta og området inn til Stavanger, Hundvåg, delar av Madla og Eiganes (garden Stavanger låg under) høyrde til Goa skipreide.

I mellomalderen blei også alle bønder i bygda leiglendingar. Den store eigaren var kyrkja, som åtte 85% av alt jordegodset. Resten høyrde til adelen. Folketalet kan på det meste ha lege rundt 450.

Den store mannedauden nådde Randaberg på haustparten 1349. I løpet av dei hundre åra som fylgde, tvinga pesta folketalet stegvis nedover til kring 150 menneske. Store delar av folka blei avfolka, og gardar som Goa, Leikvoll, Raustein, Vistvik og Todnem blei heilt fråflytta.

Kyrkja på Viste blei lagt ned og rasa saman, medan kyrkja på Randaberg mista presten sin. Truleg i samband med reformasjonen blei Randaberg sokn ein del av Hetland prestegjeld, som omfatta Stavanger landsokn og Riska sokn.

På 1500-talet tok folketalet seg smått opp att og nådde høgmellomaldernivået rundt 1660. Frå dette året stagnerte busetnadsutviklinga fram til 1780. Frå då av starta ein hundreårsperiode med ubroten busetnadsauke frå kring 400 til 1200 innbyggjarar. Det var særleg husmannsplassane som saug opp dei nye som kom til. Midt på 1800-talet fanst det 40 plassar i bygda. Fram til 1920 forsvinn så husmannsvesenet att.

I denne perioden blei også bøndene sjølveigarar. I 1660 selde kongen eige og bispegods til dansk adel. Og den danske adelen selde kring 1670 jordegodset vidare til byborgarane i Stavanger. Frå 1710 tok bøndene sjølv så smått til å kjøpa opp jorda si. I 1780 var helvta av all jord i sjølveige, og i 1860 var alle bønder i bygda sjølveigarar.

Frå 1821 fekk landet ei utskiftingslov som gjorde at det var mogeleg å bryta opp den mellomalderske garden. Randabergbuane sytte svært raskt å skifta ut gardane slik at dei fekk bruka sine i samanhangande stykke. Det gav grunnlag for omfattande nybrotsarbeid, ein aktivitet som mellom anna blei finansiert av gode inntekter frå fisket, ikkje minst etter sild og hummar. Ryddinga av landet gjorde at ein i løpet av siste helvta av 1800-talet i aukande grad kunne gå over til hestereiskap som plog og slåmaskin. Maskinane gjorde at det blei mindre trong til tenestefolk som fekk betre løna arbeid i Stavanger og i Amerika.

Stavanger vaks også mykje midt på 1800-talet og baud fram ein aukande marknad for jordbruksprodukt frå Randaberg. Fram mot 1900 blei det difor bygd skikkeleg byveg og stadig fleire bygdevegar, som enda i Sentrum der den nye kyrkja blei reist i 1845. Her hamna også den faste skulen, klokkargarden og rett over 1900 - forsamlingshuset.

Randaberg var frå 1837 soknekommune i Hetland, d.v.s. at ein hadde indre sjølvstyre med omsyn til saker som galdt fattigstell, skule og kyrkje. Etter som Frue sokn nærast byen blei stadig meir bymessig, følte randabergbuen fellesskapen i ein kommune stadig meir framand.

Under leiing av varaordførar Andreas Harestad tok difor randabergbuen initiativ til å frigjera seg frå Hetland, eit tiltak som lukkast i 1922.

Randabergbuen var på denne tida rekna som svært måtehalden og forsiktig. Difor var både den kommunale og private gjelda midt i krisetida i mellomkrigstida etter måten bare 1/5 av det som var gjennomsnittet for andre jærkommunar.

Under krigen hadde tyskarane store festningsverk langs alle strendene i bygda og også innover i landet. Dei sende også store mannskap hit slik at det faktisk fanst fleire tyske soldatar enn norske mannfolk her. Bygda blei nokon nedsliten under krigen, men kom likevel rimeleg i frå han. Tida etter 2. verdskrigen er prega av eit stadig trykk frå byen og eit systematisk politisk arbeid for å skapa mottrykk. Folkeutviklinga blei nøye kanalisert til byggefelt, der ein stort sett laut kunna via at ein høyrde til bygda for å kunna få tomt. Det er også i siste helvta av 1900-talet at jordbruket laut vika for industri og servicenæring som hovudnæringsveg.

Frå midten av 1960-talet vaks det fram ein kommuneadministrasjon av heilt andre dimensjonar enn tidlegare, noko som kring 1980 tvinga fram eit nytt, tidshøveleg kommunehus. Folketalet etter krigen auka kraftig frå 1945 i 1945 til opp mot 9000 i 2000.

Tendensen den siste generasjonen av 1900-talet var at Randaberg i aukande grad blei pendlarkommune til Stavanger og også andre kommunar på Nord-Jæren. Politisk gjekk også tendensen i retning av at tilflyttarane blei stadig meir dominerande, samstundes som kommunen i aukande grad gjekk inn i eit regionalt samarbeid.

Steinaldermannen (skulptur på torvet i Randaberg)
Dette diktet skreiv Karthon Håland i samband med avdukinga av Randabergmannen.

Nå står han i sentrum og skuer mot Viste -
Ein skjeggete, skinnkledd randabergmann.
Han er nok i bygdå den fyrste og siste
som vende tilbake frå steinalderland.

Med klubbå i neven og musklar som svulme,
han står der og speider og ser itte vilt.
Det er som du kjenne instinktene ulme
et sted i deg sjøl der det ellers er stilt

Han er ein slags stamfar for osse som leve
i bygdå i dag uten klubbe og skinn,
og uten hans musklar og kraftige neve,
men kanskje med litt av hans tanke og
sinn.

Her streifet han rundt den gong
storskogen suste.
Og villsvinet gryntet i buskar og bar.
Her smaug han seg innpå mens
jaktblodet bruste -
Ein drabelig fangstmann og husbond
og far.

I hola satt kona og tråklet på stakken,
mens ungane passet et flammende bål.
Så endelig kom han med villsvin på nakken.
Og då ble det jubel og kjøttsvoltne skrål.

Nå kunne dei ete så mye dei ville.
Og ligge på skinnfell og rape i kor.
Og ungane sovnet så mette og snille.
Og snart sovnet steinalderfar hos hu mor.

Å ja, det var tider i hola på Viste,
då randabergbygdå var villmark og skog.
Då var det nok ikkje ein fangstmann som gisste
at her sko med tidå gå traktor og plog.

At her sko stå åkrar og bølga i brisen.
Og store butikkar og gardar og hus.
Og vilsvin ble avløst av kua og grisen.
Og ungar sjå fjernsyn med popcorn og brus.

Nei, kem konne tro at ein randaberggubbe
frå steinaldertidå eingang sko få stå
som bronseskulptur med si veidemannsklubbe! -
Men det var det slugt at han Oddvin fant på.

Karthon Håland

Tungenes fyr
Tungenes utgjer den nordlege enden av Jæren, og byrjinga på innseglinga til Stavanger. Eit fyr blei etablert her i 1828, etter initiativ frå både byborgarar og sildefiskarar.

Nokre talglys i eit loftsvindu i Tungevågen leidde fiskarane inn til Stavanger, og silda gav byen store inntekter. Fyret blei seinare oppgradert og modernisert og utgjorde etter kvart eit viktig seglingsmerke for all skipstrafikk i området. Etter siste utbygging i 1959 består anlegget av fire bygningar: fyrbygning, uthus, fyrvoktar- og fyrbetjentbolig.

I 1984 blei fyret avfolka og erstatta med ei lykt på skjæret "Bragen" utanfor neset. Tungenes Fyr er i dag først og fremst eit kulturelt fyrtårn med eit mangfaldig aktivitetstilbod. I fyrbygningen kan du oppleva korleis fyrvaktaren og familien hans budde på 1930-talet, i uthuset finn du ulike temautstillingar.
Kaféen tilbyr god kaffimat
Tungenes og områda rundt er populære utfartsstader for befolkninga i Sør-Rogaland og for turistar. Naturopplevingane er storslåtte og rike i all slags vêr og til alle tider, med skipsleia utanfor har ein alltid ein følelse av at noko skjer her. Mange kombinerar besøket på Tungenes med ein gåtur i Tungevågen.

Tungenes Fyr er ein del av Kystverkmusea, etatsmuseum for Kystverket.
Åpent søndager, kl. 12 - 16. 

Vistnestunet er et komplett jærtun bestående av et jærhus/heimhus, grindebygd løe, eldhus, vindmaskin og utmark.

De kulturhistoriske verdiene er store fordi gården og området gir kunnskap og innblikk i eldre byggeskikk, kulturhistorie og gårdshistorie. Vistnestunet er det best bevarte gårdsmiljøet fra slutten av 1800 tallet i Randaberg kommune. Gården eies av Randaberg kommune, men forvaltes av Jærmuseet. Driften gjennomføres med en samordning mellom disse parter.

Historien til gården
Gården ble bygget cirka 1875 av tømmermann Tjerand Olsen Bø på bestilling fra ekteparet Rakel og Andreas. Sønnen Andreas Andreasson overtok gården i 1900 sammen med sin kone Ellen Serina Olsdotter fra Heiabruket på Vistnes. I 1941 fikk deres sønn Erling bruket. Plasseringen av byggene i tunet følger gammel skikk, og er basert på lang erfaring om hva som var nødvendig på det flate, værharde Jæren. Gården ble gitt til det som den gang het Randaberg Bygdemuseum av tidligere eier Arthur Vistnes.

Vistnestunet i dag
I dag står gården hovedsakelig slik den sto på slutten av 1800-tallet, og drives som besøksgård med tilrettlagte opplegg. På gården har vi en fjording, en flokk med norsk villsau, høner, haner og kaniner som representerer noe av dyreholdet som var der på slutten av 1800 tallet. Opplegg og arrangement foregår i gårdsrommet og ute samt i bygningene tilknyttet gården, en enestående mulighet for å skape stemning. Det foregår også skoleundervisning i regi av Jærmuseet.

Turområder
Vistnestunet er omringet av fantastiske turområder langs sjø og i skog og det finnes krigsminner og fornminner i nærområdet. Vi har egen parkeringsplass ved gården med snuplass for buss. I skogen like ved finnes det gapahuk hvor det er muligheter for grilling. Det er opparbeidet grusvei for forenklet tilgang til denne. Moderne toalettfasiliteter og et lite kjøkken finnes på gårdsområdet.