DIS-Norge
 
  English Norsk  

Klepp

 

 

Klepp kommune

 

Slektsforskerdatabaser
Klepp
 
Folketellinger
1120 Klepp 
 
Andre ressurser
Sambok
Søkbare kilder
 

Bygda med ope, bølgjande landskap.
Bygda med dei finaste sandstrendene i landet.

Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger.
Kommunen har namnet sitt etter haugane (kleppane) på garden Kleppe.
Landskap og natur er prega av eit bølgjande jordbrukslandskap, mildt kystklima, grunne innsjøar og lange sandstrender. Tinghaug er høgste staden i bygda og ligg 102 m.o.h.

Kommunen har eit flatemål på 115 km2. Av dette er 77 km2 jordbruksareal.

Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen.
Kommunegrensene har vore tilnærma uendra sidan formannskapslova av 1837.

Stavanger Lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa. 

Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.

Jærmuseet

Opplev - delta - utforsk

 

  • Årets Museum 2009
  • European Micheletti Award 2009

Jærmuseet tilbyr spennande aktivitetar og opplevingar for store og små...

Organisasjonen Jærmuseet er regionalt vitensenter for Sørvestlandet og regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå.

Jærmuseet er Årets Museum 2009 i Norge, og vann den europeiske Micheletti Award 2009 for beste teknologiske museum.

Besøk anlegga våre, og bli kjent med jærsk historie, kultur og næringsliv i fortid og samtid.

Jærmuseet har òg driftsansvaret for Nasjonalt Garborgsenter. Nettsidene våre vil snart oppdaterast, men i mellomtida kan du få meir informasjon om dette anlegget på: Nasjonalt Garborgsenter.

 

Jærmuseet er det yngste av regionmusea i Rogaland, med oppstart i 1985. I 2002 åpna første del av vitensenteret på Kvia - eit pilotprosjekt for vitensentra i Norge. På denne sida finn du historia til Jærmuseet gjennom desse åra.

Feistein fyr ligg om lag 2 km vest for Sele hamn. Fyret blei tend fyrste gong i 1859. Då var fyret montert i eit tårn på sjølve bustadhuset. Fyrtårnet i støpejern vart sett opp i 1915, etter at det i 1914 sto utstilt på Norges Jubileumsutstilling i Oslo med komplett fyrapparat.Det er 25 meter høgt. Tidlegare var det blant anna ei smie på Feistein. Bygningane som står att i dag; fyrtårnet, fyrmesterboligen, uthuset og naustet, er i dag freda. Fyret vart automatisert og avfolka i 1989.

Tinghaug- Krosshaug – Dysjane

Tinghaugområdet er rikt på fornminne. Her ligg både Krosshaug, Dysjane og ca 20 gravhaugar. Tinghaug er ein gamal tingplass og det høgste punktet i Klepp.

Krosshaug ligg om lag 300 m vest for Tinghaug. Krosshaug inneheld ei kvinnegrav frå rundt
folkevandringstida som var svært rikt utrusta. På Krosshaug står det ein steinkross frå tida etter innføringa av kristendomen.

Dysjane ligg ved Krosshaug. Dette er eit ringforma tunanlegg der det har stått 17 – 18 hus. Parkeringsplass v/Postvegen.

Haugabakka

Det gamle jærhuset på Haugabakka er bygdemuseum for Klepp. Huset blei bygd i 1852 /1853 som skulestove og lærarbustad, og var det første skulehuset i Klepp.

Her finn du ei bygdesamling og rom for skiftande utstillingar. I åra 1922 – 1933 blei huset nytta av kommuneadministrasjonen.

Huset blei restaurert i 1993, og blei då ført tilbake til opphavleg utsjånad. Fargane er valde ut etter prøvar frå dei eldste malingslaga. Den eine stova, som opphavleg var lærarbustad, er innreia slik han kan ha sett ut sist på 1800-talet.

Folgehuset

På museumsområdet er det òg eit ''folgehus'', flytta frå garden austre Håland. Dette er eit såkalla "Sandneshus" bygd i 1906. Folgehuset blei flytta til Haugabakka i 1986.

Det vert nytta til utstillingar, kulturkveldar, møte m.v.

Klepp bygdemuseum har røter tilbake til 1930-åra då Peder Heskestad og Karl Særheim begynte å samla inn eldre gjenstandsmateriale. Nokre år etter krigen vart gjenstandane samla i det gamle skulehuset på Haugabakka. Det var fyrste skulehuset i Klepp, og gjorde samstundes teneste som lærarbustad.

Klepp kommune overtok museet i 1973. I samband med "Museumsreforma" vart driftsansvaret overført til Jærmuseet frå 01.01.2006.

På Haugabakka kan du studera mange interessante reiskapar og andre gjenstandar brukt i det gamle bondesamfunnet for over hundre år sidan. Anlegget på Haugabakka består av to bygningar: det gamle skulehuset med ei fin bygdesamling, og "Folgehuset" som m.a. blir nytta til kunstutstillingar, møte, kulturkveldar m.m.