DIS-Norge
 
  English Norsk  

Hjelmeland

 

Hjelmeland kommune

Slektsforskerdatabaser
Hjelmeland
Fister
Jelsa
Årdal
 
Folketellinger
1133 Hjelmeland 
1132 Fister 
1138 Jelsa
1131 Årdal 
 
Andre ressurser
Sambok
Søkbare kilder
 

I hjerte av Ryfylke

Hjelmeland kommune har ca 2.820 innbyggarar og er med sitt areal på 1092 kvadratkilometer - nest størst i Rogaland. Rundt ein fjerdedel av kommunen er verna som landskapsvernområde eller naturreservat.

Viktigaste næringsvegar er i tur og orden havbruk, landbruk, sand- og steinuttak og reiseliv/turisme. I 2009 vart det eksportert 46.000 tonn laks frå Hjelmeland - samt skipa ut vesentlege mengder kveite.

Kommunen har ca 210 gardsbruk i drift, av desse ca 60 med mjølkeproduksjon. Generelt svært allsidig landbruk.

Frå Årdal blir det årvisst skipa ut kring ein million tonn sand og singel, og frå Randøy store mengder naturstein for muring og skifer/heller.

I denne Ryfylke-kommunen er det eit aktivt kyrkje- og kristenliv. Det er tre sokn med fire kyrkjer og eitt bedehuskapell. I tillegg er det mange lokale bedehus.

Hjelmeland bygdemuseum
Hausten 2007 flytte Hjelmeland Bygdemuseum inn i nye lokale, og er nå å finna i Vågahuset i Hjelmelandsvågen, med inngang gjennom biblioteket.

Opningstider: 

  • Måndag-tysdag-onsdag 08.00-15.30
  • Torsdag 08.00-18.30
  • Fredag 12.00-15-30

Hjelmeland Bygdemuseum vart formelt oppretta i 1975. 

I fleire år før og etter 1980 var det Makkamjølsklubben, det lokale museumslaget, som stod for innsamling, konservering og katalogisering av gjenstandar. 

Gjenstandssamlinga i Hjelmeland bygdemuseum vart deponert til Ryfylkemuseet gjennom ein avtale som vart inngått i 2006.

Forutan ei variert samling av gjenstandar frå farne tider, kan bygdemuseet nå visa fram tre tema-utstillingar:
  • Skomakarverkstaden
    Her har ein prøvd å gjenskape eit skomakarmiljø frå Hjelmeland.
    I ein periode hadde Hjelmeland heile 9 skomakarar.
  • Eldhuset
    Her vises ei rekke gjenstandar som vart nytta i samband med matlaging.
  • Husmannsstova
    Dette er også ei rekonstruksjon av svunnen tid. Hjelmeland var ei husmannsbygd og skal også ha fostra Noregs siste husmann. Aanen Holmen sat nemleg som husmann på Haugen under Fundingsland, til han døyde i 1980. 

Kontakt i Hjelmeland bygdemuseum: Eldfinn Austigard tlf 404 39 153

Årdal gamle kyrkje

Denne kyrkja kan stå som ei påminning om vår lange kristne tradisjon og kulturarv som lever vidare i vår tid. Det har gått snart 400 år sidan kyrkja vart bygd. Uttrykksformer, møteformer, tradisjonar og skikkar, folkelynne og samfunnsliv har endra seg sidan den tid, og er stadig i endring, og endringane skjer i stadig aukande tempo, men likevel er utgangspunktet og grunnvollen den same. Kyrkja sitt oppdrag står fast: Gå ut i all verda, døyp dei og lær dei.... og sjå, eg er med dykk så lenge verda står. 

Kyrja's visjon er: Ei kyrkje for alle, og alle for Kristus! 

Kyrja ønskjer å vera ei kyrkje for alle, i alle livssituasjonar, og vil at mange fleire skal finna sin plass i dette store fellesskapet, både lokalt og globalt, og dei håpar at du også kan kjenna deg velkommen. 

Velkommen til kyrkja i Hjelmeland.