DIS-Norge
 
  English Norsk  

 

Hå kommune

Slektsforskerdatabaser
Ogna
Varhaug
 
Folketellinger
1119 Hå 
1117 Ogna 
1118 Varhaug
 
Andre ressurser
Sambok
Søkbare kilder
 

Hå kommune ligg 40 kilometer sør for Stavanger. I dag har kommunen omlag 16 000 innbyggarar. Folketalet er i sterk vekst. Hå kommune er 255 km² i areal.

Hå er den største landbrukskommunen i Noreg. Omlag halvparten av arealet i kommunen er nytta til jordbruksformål. Hovudvekta i jordbruket ligg på husdyrbruk med grasdyrking. Næringsmiddelindustrien og den mekaniske industrien er dei dominerande industrinæringane. Hå kommune er den største arbeidsplassen i lokalsamfunnet med omlag 1000 årsverk.

Hovudkommunikasjonsårene nord-sør er Rv 44 og jernbanen. Tettstadane har vakse fram kring dei 6 jernbanestasjonane Nærbø, Varhaug, Vigrestad, Brusand, Ogna og Sirevåg. Rådhuset med kommuneadministrasjonen er på Varhaug.

Hå har ei rekkje fortidsminne, særlig frå jernalder og folkevandringstida.

Jernalder

Middelalder - Nyere tid:>

Kulturtradisjonane i Hå byggjer på ein svært stabil busetnad. Dette legg grunnlag for eit sterkt engasjement for lokalmiljøet, særleg ved eit omfattande friviljug lags- og organisasjonsarbeid. Ikkje minst syner dette att i store, moderne anlegg som til dømes bedenus og misjonshus, leirplassar og idrettsanlegg. 

Folkehelseprosjektet "Eit sunnare Hå" vart starta i 2004. Symjehallane og terapibassenget Stampen har opningstider for offentleg bruk. Idrettsarbeid elles i kommunen vert drive på friviljug basis. Det er fire store lag med eigne hallar og store utendørsanlegg. Laga har tilbod til alle aldersgrupper innan vanlege lagidrettar med meir og ei felles målsetting om å prioritera masseidrett framfor elite.

Dei mest profilerte offentlege anlegga er kunst- og kulturinstitusjonen Hå gamle prestegard med freda Obrestad fyr og det interkommunale Jærmuseet med  Vitengarden. Friluftsfyret Kvassheim ligg og i Hå.   

Det er etablert eit vidgreint nett av turstiar, frå merka naturløypar til parsellar med barnevognstandard. Også sykkelvegnettet er godt utbygt. Hå kan by på naturopplevingar i eit ope og variert kulturlandskap, strand og hei, surfing og badeliv.

Hå har eit godt og allsidig tilbod til turistar og andre tilreisande når det gjeld friluftsliv, kulturtilbod, mat, handel og overnatting.

Eit kunst og kultursenter
Hå gamle prestegard var embetsmannsbustad, prestegard, administrasjons- og kultursenter allereie for fleire hundre år sidan. No er det ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg. Utstillingane famnar om norsk og nordisk samtidskunst, både biletkunst, installasjon/skulptur og kunsthandverk. I tillegg er det prosjektutstillingar innan kunst- og kulturhistorie.

Hå er ein møtestad for menneske der lokalhistorie møter samtida sine kunst- og kulturuttrykk. Anlegget, som ligg heilt ut mot havet, har våningshus, driftsbygningar og jærhus. Her vert det arrangert konsertar og konferansar, litteratur- og temakveldar.

Obrestad fyr
Fyret ligg på ein odde, der kor den flate moreneryggen går over i lause lufta. Frå stova til fyrmeisterbustaden er det utsikt til havet på tre sider og mot aust ser ein Høgjæren. Fyret på Obrestad ser i stor grad ut som då det var fråflytta i 1991.

Hå kommune kjøpte fyret av Kystverket i 2006 for å formidla kulturvernverdiane på anlegget og visa korleis fyr kan nyttast i nye samanhenger. Kvart år vert kunstnarar utfordra til å syne kunstprosjekt både inne og ute.

I 2008 var Obrestad fyr ein del av prosjektet "On the Edge/På eggen", ny kultur på fyra i Rogaland med eit særprega kunst- og kulturprogram i samband med Stavangerregionen som Europeisk kulturhovudstad. Berni Searle viste si utstilling Across Oceans på Obrestad fyr.

VARDEN (Brusand - Ogna camping)
Jærkysten kan vera vêrhard og nådelaus. Her har gjennom tidene skjedd mange dramatiske forlis. Mange sjøfolk omkom i brenningane utanfor Jæren, og mange slags vrakgods kunne reka i land langs strendene. Allereie frå 1500-talet har ein forteljingar om at jærbuen, etter ei natt med skikkeleg uver og storm, kunne få hand om eksotiske varer som raudvin, sjokolade, sukker, ”peber og anden saadan speceri” – som var meint for borgarskapet i byane.

På strandgardane var det vanleg at skipsplank eller ”skjeve kahyttsvindu” var brukt i bygningane. Sjølv om vrakgods kunne vera kjærkome her på det skoglause Jæren, så var det grusomt når folk omkom. Fram til midten av 1800-talet fanst det ikkje redningsutstyr. Forlisa skjedde ofte i så dårleg vêr at det var uråd å koma ut med båt. Folk på land stod hjelpelause og såg at mannskap og passasjerar drukna. 

Frå midten av 1800-talet blei det arbeidd for å skaffa redningsutstyr til Jærkysten og dei første redningsstasjonane vart oppretta i 1854.

Redningsstasjonane

Den 7. januar 1852 forliste skonnertbriggen «Magdalene Christine» av Bergen på Brusanden. Det var eit forferdeleg vêr med storm frå vest-sydvest. Etterkvart samla det seg mykje folk på land. Desse stod ikkje meir enn ca. 50 meter frå skipet, men kunne allikevel ikkje gjera noko. Bølgene gjekk så voldsomt og dei hadde ikkje utstyr å hjelpa seg med. Etter få timar var båten sundbroten. Fem mann drukna.

Konsul Tønnes Houge Puntervold var vitne til denne tragiske hendinga. Han skildrar dette i dagboka si: ... jeg gjorde alt jeg formaaede til disse arme menneskers Frelse. Stakkars folk. Deres hjerteskjærende skrig glemmer jeg aldrig... Etter dette forliset vart det skrive avisinnlegg, og den 12. januar sende 33 Stavanger-skipparar eit brev til Marinedepartementet, med bøn om hjelp til å skaffa redningsutstyr til Jærkysten.

Dette var opptakta til sjøredningsstasjonane. I april vart det ved Kongeleg Resolution bestemt at det skulle opprettast stasjonar langs kysten, Fyrdirektøren fekk ansvaret. Han bestemte kor dei skulle leggjast, og leverte ut rakettutstyr til desse stasjonane på Jæren: 

Refve, Obrestad, Husveg og Kvalbein i 1854.

Seinare kom Raunen i 1896 og Vik i 1897. 

I 1891 vart Norsk Selskap til Skipsbrudnes Redning (NSSR) oppretta. Kvinneforeininga deira i Stavanger samla m.a. inn pengar til redningsbåten «Tryg» som vart stasjonert på Kvalbeinsstranda i 1894.

I 1933 overtok redningsselskapet (NSSR) alle stasjonane av staten. Utetter 1900-talet fekk Redningsselskapet nyare utstyr; først redningsskøyter og seinare helikopter. Det var då etterkvart ikkje lenger bruk for redningsstasjonane. I 1977 var alle utanom Reve nedlagte. Ein del av utstyret frå desse vart tekne vare på og samla i museet i Varden som opna same år. 

KULTURHISTORIE

Hå kommune har mangfaldige og rike kulturtradisjonar, samt spennande spor etter busetnad frå steinalderen og fram til i dag. I tillegg til ulike kulturminne og museum har kommunen eit eige kultursenter på Hå gamle prestegard.

Kulturhistorisk bokverk

Hå kommune har engasjert Universitetet i Stavanger til å utarbeida eit kulturhistorisk bokverk for Hå kommune. 
Eit sentralt mål for verket er å belysa kommunen sin identitet og lokale mentalitet. Ulike forfattarar med ulik fagleg bakgrunn skal skrive sine delar.

Ved å skildra og forklara kva som har skjedd her på Jæren gjennom tidene, og ved å sjå hendingane frå ulike synsstader, stig jærsk identitet og mentalitet fram.

Det skal utgis tre band på til saman ca. 1500 sider. Første band går fram til om lag 1880, andre band til 1945 og det siste bandet skal gå like fram til i dag.

Kulturhistoria skal ha ein form og eit innhald som appellerer til store lesergrupper. Teksten skal vera tilgjengeleg, men også fagleg forankra.

I samband med arbeidet med verket vil det bli arrangert møter, seminar, utstillingar og forfattar-/skulebesøk.

Verket skal lanserast våren 2014

Grødaland, Hå bygdemuseum

Grødalandstunet er kanskje eit av dei finaste og best bevarte gardsanlegga i Rogaland! Dette var ein typisk sjøgard med flott utsyn mot havet i vest. Grødaland er eit gardsmuseum på "rot". Her finn du husa etter to av gardsbruka på sine opphavlege tufter. Bygningane er frå 17- og 1800-talet. 

Opplev roen og stemninga i dei gamle stovene, og få eit innblikk i koss folk på sjøgardane budde og levde kring midten av 1800-talet eller tidleg på 1900-talet. På aktivitetsdagane kan du få vera med på leik og ulike gjeremål knytt til arbeid og matstell i eldre tid.

Skilta avkøyring frå rv. 44 mellom Nærbø og Varhaug

Historikk Hå Bygdemuseum

Grødaland er eit av anlegga som høyrde til Hå bygdemuseum. Hå bygdemuseum vart skipa i samband med samanslåinga av dei tre kommunane Nærbø, Varhaug og Ogna i 1964. Før det hadde Varhaug bygdemuseum drive eit aktivt innsamlingsarbeid frå slutten av 1950-åra. Då rådhuset på Varhaug vart bygd, vart gjenstandssamlinga stilt ut i kjellaren der. I Nærbø vart det arbeidd med skiping av bygdemuseum tidleg på 1950-talet. Eldsjeler i Nærbø fekk kjøpa husa på bruksnr.1 "Gamlegarden" på Grødaland og samla der innbu og reiskap. Grødalandstunet med innbu vart overført til Rogaland Folkemuseum i 1952, og Nærbø bygdemuseum vart avvikla. I 1958 vart bruksnr.2 seld til Nærbø skogplantingslag og husa der vart òg overført til museet. Grødalandstunet vart, saman med ei smie på Motland og kvernhus og naust på Nord-Varhaug, ført tilbake til Hå kommune i 1983.

1. mai 2002 overtok Jærmuseet drifta av anlegga til Hå bygdemuseum.

I 2005 vart storparten av gjenstandsamlingane frå Varhaug flytta til Jærmuseet sitt bygg på Kvia kor eit utval av gjenstandane er presenterte i studiemagasinet i utstillingshallen.

Gamlehuset

Gamlehuset er eit stort jærhus med endekammers. Den eldste delen av bygningane på garden er kammerset. Dette vart truleg bygd i 1715. Seinare vart huset på- og ombygd fleire gonger: 1791 og 1848. Ein kan fleire stader sjå spor etter skipstømmer frå strandingar utanfor Grødaland. Ser ein huset frå sida, ser ein at taket går lenger ned på baksida. Det var vanleg på gamle jærhus og vart kalla «sitoga».

Innvendig er romma plassert slik det var vanleg på den tida, med stove og bu på kvar si side av kjøkken og forstova. Dette huset vart nytta som bustad fram til andre verdskrig. Huset er nå ført attende til slik ein meiner jærhusa var innreidde på midten av 1800-talet.

Stova
Stova var sjølve bruksrommet. Ho vart oppvarma av bileggjaren (ein jernomn som ein har funne på Jæren allereie på 1600-talet). Omnen vart fyrt frå grua i kjøkenet. Attmed omnen heng «strydå» der osen frå tranlampa eller «kola» steig opp. Elles finn ein senga til husbondfolket, 
omnskråbenken, der ungane sov, glasbenken og det store bordet med forsete og høgsete. På veggen mot forstova heng mjølkehylla. På bordet under åt dei alle måltid.

Kammerset og endekammerset
I kammerset er det ein fin forseggjort bjelke i golvet. Den store steinen i golvet vart truleg liggjande då han vart for tung å flytta. Ved sida av kammerset finn ein eit lite kammers. Dette var tidlegare gang, men vart sidan det rommet som tenestejentene budde i. Vindauga her kjem truleg frå eit skip. Døra er datert 1791.

Koven
Kove var vanleg i dei gamle jærhusa. Den var oftast nytta til lagring av salt- 
og flesketønner, mjølk og annan mat. Her er koven delt i to. Den eine delen har vorte til inngang for litlekammerset. Resten vart nytta i tilknyting til kjøkenet. Her er bakstebordet hengsla til veggen. Det vart slått ned når det var i bruk.

Kjøken og spiskammer
I kjøkenet finn ein grua med holet der ein fyrte i bileggjaren. I det litle holet ovanfor kom røyken ut. Hylla over grua vart kalla mantel. Kjøkenet har ein eigen brunn og golvet er hellelagt. Spiskammeret eller mjølkerommet vart nytta til oppbevaring av ost, rømmekolle osv.

Bua
Bua var det finaste rommet i huset, ofte med gardin og malt pynt oppunder taket. I bua sto seng for framandfolk. 
Dei beste gangkleda låg i kister eller hang langs veggene. Andre tekstiler vart og lagra her. Bua vart nok sjeldan 
nytta som opphaldsrom, då det ikkje var omn her.

Forstova
Her finn ein trappa opp til andre høgda. I trappeoppgangen er det spikra nokre smale lister på veggen der ein m.a. stakk inn tolleknivar.

Skutane
Skutane var lagringsplass for torv som vart nytta til brensel. I søre skuten der taket er bygd inn i huset, er det ei stor skipsmast som held taket oppe.

Torehuset
Torehuset vart bygd i 1830. Samanliknar ein dei to husa vil ein tydeleg sjå korleis jærhuset har endra seg. «Sitoga» er no vekke. Koven og ein del av spiskammerset har vorte til stovekammers og buakammers. Kjøkenet har fått tregolv og vedomn, men har òg her eigen brunn. Trappa i forstova er dreia i ein annan retning og i golvet ser ein lemmen ned til potetkjellaren.

Bruken av romma var stort sett den same som i gamlehuset, men bua har her fått funksjon meir som ei bestestove. Senga til framandfolket står her framleis, men ein har fått buakammerset i tillegg, som eit ekstra soverom. På veggen i nordvestre kroken av bua finn ein inskripsjonen: «1831 TT og IJDG» som står for Tore Toreson og Ingeborg Jensdotter Grødaland. Dei vart gifte 24. mars 1830 og bygde Torehuset då garden vart delt mellom Ingeborg og broren. Dei budde her og fekk 12 born. Bua hadde framleis ikkje omn, men likevel åt dei julemåltida her.

Torestova er ein nyare del av huset. Den har fungert som ei kårstove, med eigen inngang. Det er òg spor etter skorstein. På loftet over Torestova ligg ein verkstad. I dette huset har det budd folk til slutten av 1950-åra. 

I dag er Torehuset innreidd slik familien levde i 1920-30-åra.

Løene
Den eldste løa blei øydelagt i storm i 1969, men Rogaland Folkemuseum bygde henne opp att då dei overtok bruket. Ein legg merke til at det ikkje er låvebru på denne løa, noko ein finn på løa som høyrer til Torehuset.

Løene er grindabygde. Ser ein på reisverkkonstruksjonane i løene, ser ein at det stort sett er skipsmaterial. Her fins både master, rær og dekksbjelkar.

Området rundt 
Museet på Grødaland ligg nydeleg til med utsikt over sjøen. Her er eit fint utgangspunkt for turar på Kongevegen. Kongevegen er ein tursti langs sjøen frå Husvegg til Nærland. På Grødaland er det gode parkeringstilhøve og merka sti til turvegen både gjennom Grødalandskogen og gjennom tunet. Turen sørover til Husvegg er til dømes 4,9 km og nordover til Obrestad hamn er det 2,5 km. Det er rullesteinstrender i dette området. Her er noko av den finaste rullesteinsvegetasjonen i Noreg. Dette området inneheld 176 ulike planteartar i tillegg til ein del mosar og ein rik algeflora i sjøen utanfor (Thomsen1996; Kongevegen i Hå).

Kolboring

På Grødalandstranda finn ein eit minnesmerke etter kolboringa på Grødaland. I 1873 vart det bora 133 meter ned, like til grunnfjellet, utan å finna kol. Langs turvegen finn me mellom anna gravfelt og gravhaugar, merke etter skipsopphogging, støer, naust, kvernhus og tørkehus. I boka Kongevegen i Hå er strekningane langs turstien godt skildra og det er kart med lokale namn. 

Soga om Eirik Raude

Soga om Eirik Raude er forteljinga om verdas mest kjende jærbu. Ei segn seier til og med at han skal vera frå Haugstad utanfor Vigrestad. I alle høve er det ei av dei mest spennande islendingesogene, om oppdaging, mot, trolldom, sterke kvinner, møte med innfødde og sjølvsagt ein god dose strid og drap.