DIS-Norge
 
  English Norsk  

Forsand

 

Forsand kommune

Slektsforskerdatabaser
Forsand
Høle
Strand
Folketellinger
1129 Forsand 
1128 Høle
1130 Strand 
Andre ressurser
Sambok
Søkbare kilder
 

Forsand kommune er med rundt 1150 innbyggjarar ein av dei minste kommunane i Rogaland. Arealmessig er det berre Suldal og Hjelmeland som er større. Arealet er på 842 kvadratkilometer.

Forsand ligg i kryssingpunktet mellom to større fjordar. Lysefjorden som er 42 km lang går austover, medan Høgsfjorden går sørover. Frå gamalt var fjordane ferdselsvegane. Då blei Forsand eit naturleg treffpunkt. Hit kom folk frå både Agder, Lysebotn og frå småstadene langs Lysefjorden og trefte folk frå både Frafjord og Dirdal. Forsand blei det naturlege sentrum dengong, og er det fortsatt i dag.

Plassering
Kommunikasjonsmessig ligg kommunen strategisk til. Den ligg mellom Jæren, Ryfylke og byane Stavanger og Sandnes. I nord grenser kommunen til Strand kommune – i vest grenser kommunen til Gjesdal og mot sør – like over Høgsfjorden ligg Sandnes. Det er om lag 2,5 mil til sentrum i Sandnes og 4 mil til Stavanger. Kommunen er langstrakt og mot sør grenser den mot Vest-Agder – Sirdal kommune. 
Det næraste sentrum er Jørpeland som det tek 15 minutt å køyra til.
Det går ferje over Høgsfjorden kvar halve time og turen over tek rundt 8 minutt. Det er og hurtigferje som går frå Stavanger til Forsand og inn Lysefjorden til Lysebotn. Sommarstid kan ein ta bilferje inn og køyra over fjellet til Sirdal og Setesdal.

Topografi
Kommunen er langstrakt og er ein blanding av fjell, dalar og fjordar. Det bur flest folk på Forsand som er kommunesenteret. Elles er det spredt busetnad frå Helle og oppover Espedalen. På andre sida av Lysefjorden er det spredt busetnad både langs fjorden og langs rv 13 frå Oanes til kommunegrensa.

Naturen har frå tidlegare tider vore det naturlege næringsgrunnlaget - ved fiske i fjorden, jordbruk på slettene og oppover dalane naturalhushaldning knytta til jakt, jordbruk og innlandsfiske. I dag er næringslivet knytta vesentleg til jordbruk, sanduttak, havbruk, reiseliv og ulike mindre bedrifter.

Historie
På Fossanmoen har det vore gjennomført store arkeologiske utgravingar. I løpet av ein 10 års periode fann dei ei rekkje spor etter tidlegare busetjing – frå bronsealder (1800 f. Kr.), jernalder og fram til folkevandringstid (slutt rundt 600 e. Kr.).

Basert på funna er Fortidslandsbyen Landa gjenreist. På Landa er det rekonstruert tre bygningar som representerer bronsealder, jarnalder og folkevandringstida. Den største busetjingsperioden var i folkevandringstida då det var rundt 250 menneske busette på moen og dei hadde til saman opptil 400 husdyr.

Attraksjonar
Lysefjorden er den mest særmerkte fjorden i Rogaland. Reiser ein inn fjorden vil ein sjå både Preikestolen som tronar 600 m. over fjorden og ikkje minst fjellplatået Kjerag som kneiser 1000 m. o.h. og som er kjent for basehopparar.Dei stuper ut frå toppen av fjellet med fallskjerm på ryggen. Dei landar då like ved sjøkanten.
Innover Lysefjorden kan ein sjå spanande fjellformasjonar, steinkobbar, geiter i fjellsida og fleire blåskjellsoppdrett.

Ved inngangen til fjorden finn du Lysefjordsenteret kor turistinformasjonen for Forsand er lokalisert.

Friluftsliv
Det er gode moglegheiter til friluftsliv i kommunen. Stavanger turistforening har sine merka stier og har laga ei bok med 100 turar i Rogaland kor ein finn mange turar i Forsand. Kommunen er nå i ferd med å laga kartblad med omtale av 20 turar, desse vil vere klare til inneverande sommarsesong.

Forsand sogelag les mer...

Preikestolen er sannsynligvis den mest kjente turistattraksjonen i Rogaland. Fjellplatået ligger på nordsiden av Lysefjorden i Forsand kommune. Platået rager 604 m.o.h. Rundt 80 000 personer besøker Preikestolen i løpet av de fire sommermånedene.
Les mer...

Kjerag er et fjellplatå på sydsiden av Lysefjorden i Rogaland. Stedet er et kjent turistmål i regionen, og er et yndet utsprangspunkt for basehoppere.
Kjeragbolten. På vestre del av platået sitter en 5 m³ stor stein kilt i en kløft i fjellet, 1000 m over Lysefjorden.

Les mer...