DIS-Norge
 
  English Norsk  

Finnøy

Finnøy kommune

Slektsforskerdatabaser
Finnøy
Fister
Hjelmeland
Jelsa
Nedstrand
Sjernarøy
Folketellinger
1141 Finnøy
1132 Fister
1133 Hjelmeland
1138 Jelsa
1139 Nedstrand
1140 Sjernarøy
 
Andre ressurser
Sambok
Søkbare kilder
 

Finnøy kommune er ein øy-kommune i Rogaland, i hjartet av Ryfylke.

På 16 av øyane bur det folk, tilsaman ca. 2916 personar per 01.01.2011. Kommunikasjonen skjer i hovudsak med ferjer og hurtigbåtar. Kommunen fekk fastlandsforbinding via tunell til Rennesøy hausten 2009.

Kommunesenteret ligg på Judaberg på Finnøy. Her finn du Rådhuset og mange av kommunens ca. 340 tilsette.

Kommunen har 6 skular/oppvekstsentra og ein vidaregåande skule, og her er eit rikt organisasjonsliv.

Hovudnæringane i Finnøy er jordbruk, havbruk og turisme.

For lenge siden...
For lenge, lenge sidan var øyane i Ryfylke få og små, og dekka av is. Etter kvart smelta isen, og landet steig. Øyane lyfta seg meir enn 30 meter over sitt tidlegare nivå.

I 1976 vart det funne beinrestar på Judaberg på Finnøy etter ein isbjørn som arkeologane meiner levde her for 10600 år sidan. Det er det best bevarte funnet i verda frå den tida. I dag ligg leirlaget som beinrestane vart funne i 14 meter over havet.

På fleire øyar i Finnøy har ein elles funne gravhaugar med både reiskapar, smykke, våpen og anna i.

På vestida av Finnøy er det restar etter nausttufter som ein meiner skriv seg frå vikingtida. Det er og funne merke etter ein buplass på Bjergøy i Stjernarøyane som skal vera mellom dei eldste ein kjenner til her i landet, 5-6000 år gamal. 

Grøderik jord, mildt klima, mange lune hamnar, gode fiskeplassar, og eit rikt dyre -og planteliv , har gjort desse øyane til ein attraktiv plass å bu. Det er berre rimeleg at her har budd folk frå eldgammal tid slik naturtilhøva er, og oldfunna slår dette fast. Av kjende fornminne (eldre enn 1537) viser bygdeborger, gravrøyser, vakre mellomalderkyrkjer og helleristningar at Finnøy har vore ein viktig buplass i tidlege tider.

Kyrkjer

HESBY KYRKJE

Den gamle steinkyrkja på vestsida av Finnøy har namnet sitt etter garden Hesby, eit hovdingsete i gammal tid. Kyrkja ligg opent og fritt, vêrhardt ut mot Boknafjorden. Ho er eit høgreist og stilreint byggverk, som gjev ei kjensle av høgtid og fred for den som stig inn. Her har generasjonar samlast om gudsordet, i glede og sorg. Og til denne dag er kyrkja ein stad der menneske samlast om den gamle bodskapen, som stadi er like aktuell.

Hesby kyrkje er frå mellomalderen, bygd i gråstein, og med meter-tjukke vegger. Nøyaktig alder er vanskeleg å slå fast. Etter tradisjonen er ho bygd samstundes med Talgje kyrkje (midt på 1100-talet), medan ein del fagfolk held på at Hesby kyrkje er eit hundreår yngre. Vindauga i kor og skip har gotiske spissbogar, men kan vere ombygde frå mindre, rektangulære opningar. Bindesteinane på kyrkja sin vestvegg syner at kyrkja opphavleg har hatt tårn, som seinare har rasa saman.
Inngangsdør til kyrkja var i sør. Inngangsportalen i kleberstein vart i 1871 flytta til det nybygde våpenhuset i vest. Ved restaureringa dette året fekk kyrkja eit galleri, og kordøra vart ombygd og fekk ein nygotisk korboge i tegl. tidlegare hadde kordøra vore ein lågare rektangulær opning. Taket er sidan 1911 skifertekt. Opphavleg var kyrkja tekt med tjørebreidd vadmål, og i seinare ei tid med hollandsk teglstein. Ei runeinnskrift i ein kleberstein på sør-austre hjørnet er tyda slik: Eirik prest rista desse runer den vetren då kyrkja vart bygd. Men årstalet vantar, diverre.

Ved ei omfattande restaurering i 1959-60 fekk kyrkja sakristitilbygg, nye benkar og altarring, elektrisk oppvarming og nye lysekroner. Preikestolen vart senka noko, og ein fekk fram den opphavlege utsmykkinga, med Kristus ( Salvator Mundi-Verda si Frelsar) og tri evangelistar som motiv i bildefelta. Samstundes kom dei vakre glasmåleria i trieinigsvindaugo i koret. Motivet er krossfestinga, og kunstnaren er Frøydis Haavardsholm.

Av mellomalderinventar finn ein i dag berre alterbordet, som er ei klebersteinsplate med relikviegøyme, og restar av ein romansk døypefont i kleberstein. Preikestolen frå 1623 er skoren av Laurits Snikkar, og måla av Peter Reimers. I koret står ein rosemåla brurebenk frå 1788. Lysekrona over midtgangen er datert 1706. Altarsylvet, med kalk, disk og brødøskje er frå 1600-talet. Ein triarma lysestake i messing på altaret, er truleg frå seinmellomalderen. Kyrkja fekk sitt første pipeorgel o 1920. Nytt orgel frå 1971 (Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk 13 st.) er plassert bak den gamle orgelfasaden på galleriet i vest. To kyrkjeklokker står på lemmen over orgelet, og er omstøypte i 1965 og 1746. Den eldste og største av desse har ein sermerkt og fin klang. Kyrkja har altarbibel frå 1757. Av nyare inventar – gåver frå lag og einskildpersonar i kyrkjelyden – kan ein nemna piano, lesepult og salmenummertavler, offerskrin, altarduk og messehaklar, samt sylvkrossen på altaret.

Om lag 1500 personar soknar til Hesby kyrkje. Det er gudstenete annankvar sundag, forutan mange andre samlingar; møter, konsertar og kyrkjelege handlingar. Kyrkja er såleis ramma om det sentrale i kyrkjelyden sitt liv. Ho er gammal og ærverdig, men i høgste grad i bruk, truleg meir no enn nokon gong sidan mellomalderen. 

Like utanfor kyrkjedøra står bauta over eidsvollsmannen Asgaut Regelstad. Litt sør for kyrkja finn ein bautaen over Ogmund Finnson frå Hesby, drottsete i Noreg 1366-71 og 1380-86. Ved prestegarden 1 km. Aust for kyrkja står det minnesmerke over matematikaren Nils Henrik Abel (fødd på Finnøy i 1802), og presteparet Gabriel og Gustava Kielland, som budde og verka på Finnøy 1824-37. 

TALGJE KYRKJE

Talgje kyrkje ligg på eit av dei høgaste punkta på øya, på det gamle hovdinsetet Gard. Majestetisk ruvar kyrkja i landskapet, og skaper ei gripande stemning av mellomalder og ro.
Kyrkja er truleg bygd kring 1130-1150- talet. Byggmaterialet er vanleg gråstein, men alle hjørner og innfatningar er av hoggen kleberstein. Steinhoggarbeidet er av svært høg kvalitet, og detaljane i klebersteinutsmykkingane er uvanleg godt tekne vare på. Byggestilen er romansk – normannisk, og syner engelsk påverknad.
Kyrkja har eit avlangt skip, og eit smalare, firkanta kor med murt kvelving over, og halvrund avslutning (apsis) i aust. Korbogen er smykka med eit sikhsakornament, liknande det ein kan sjå mellom søylerekkene i Stavanger domkyrkje.
Inngang til kyrkja var opphavleg gjennom sørveggen. Den rikt utsmykka inngangsportalen (med m.a. forsinka stjerner, og oppståande småstavar i anglo-normannisk stil) vart ved restaureringa i 1870 flytt til den nye inngangen gjennom våpenhuset i vest.

På kyrkja sin sørvegg var det opphavleg ei 6-7 m. Lang runeinnskrift. Nokre av steinane vart diverre snudde innover ved ei restaurering, slik at ein no berre ser brotstykke av innskrifta. Fylgjande kan lesast: ”Ved sin død..til bygging av denne kyrkja.. til opphald (med hus og kost).. til ære, og gav til seks.” Over denne innskrifta har ein av dei fyrste prestane hogge inn fylgjande runerekke: ”Desse runer skreiv Eindride Jonassen, og bed for meg.”
Kyrkja vart under dei ofte urolege og utrygge tidene før, brukt som borg eller tilfluktsstad. Dette kan ein sjå av nokre utkikkshol høgt oppe i dei austre og vestre gavlane, og av det store og sterke bomleiet på sidene av inngangsdøra. Eit pavebrev frå 1335 syner at Talgje kyrkje er vigsla til jomfru Maria.

Inventar
Altertavla er lage av Lauritz Snikker i 1624, og måla av Godtfried Hentschel i 1635. Motivet i midtfeltet er krossfestinga. Kunstnaren har måla ein signatur på latin, som tyder: ”Enhver som fryder sine øyne over den malte tavle, og skjelner at ikke alt er gjort av en mesters hånd; han vite at ingen jordboer er uten sine feil, og at aldri alle formår alt. Hvis noen spør, så har Godtfried Hentschel fra Sclesien også malt denne.” Preikestol, brurestol og kyrkjebøsse er laga av Thomas Snikkar om lag 1620.
Kyrkja sitt altarsylv er også frå 1600-talet. Lysekrona i koret er datert 1783, og er ei gåve frå Halvor T. Hovda på Fogn. I våpenhuset er det stilt ut ein uvanleg godt bevart mellomaldersk gravstein , med uthogd livstre. Kyrkja fekk orgel i 1980 (Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk 12 st,), og piano i 1994.

Restaureringar
Som dei fleste andre kyrkjer i landet, vart også Talgje kyrkje selt til ein privat eigar på 1720-talet. Først i 1867 kjøpte sokna kyrkja att, og kosta ei omfattande restaurering i 1870, då det m.a. vart bygt våpenhus og galleri. Neste restauring var i 1935-39. Ved dette høvet vart gamle graver under golvet fjerna; benkene vart erstatta jærstolar, og murpuss over l kebersteinsinnfatninane vart fjerna. Elektrisk lys og varme vart lagt inn i 1950-åra. I seinare år er det gjort ein del for å freista å halda vedlike kyrkja inne sør- og vestvegger med bruk av gamle materialar og teknikkar.

Folket på Talgje set gudshuset sitt høgt, og tek vare på kyrkja som ein samlingsstad til høgtid og fest, i sorg o glede. Om lag 170 personar soknar til kyrkja. Det er gudsteneste 16-17 sundagar i året, forutan kyrkjelege handlingar, musikkandaktar og sommarsamlingar. 

SJERNARØY KYRKJE 
Høgt og fritt ligg Sjernarøy kyrkje, ovanfor Eik på Kyrkjøy.
Kyrkja er eit renessansebyggverk, oppført i perioden 1636-1647, og lafta saman av tilhogd tømmer. Skipet er flatlofta, medan det over koret er ein slags tunnekvelving. Opphavleg var kyrkja tjørebreidd utvending, men nå kledd med raudmåla vestlandspanel. Vindauge er det berre på sørveggen. Taket er tekt med teglstein. Inne er vegger og himling pryda med rosemåla ornament. Opphavleg hadde kyrkja benker med utskjeringar i dørene, og faste plassar for kvar gard. Tårnet måtte rivast allereie i 1690. Nåverande tårn (takryttar) vart bygt etter siste restaurering.

Etter å ha vore i privat eige sidan 1724, vart kyrkja kjøpt tilbake av sokna i 1846, sterkt til nedfalls. Snart etter starta ei omfattande restaurering i tida sin stil, med kalkmaling over dei rosemåla flatene, og fjerning av gammalt inventar, m.a. altartavle og mellomalderkrusifiks (som truleg stammar frå ei eldre kyrkje i Sjernarøy.)

På 1940-talet kunne ein skimte rosemålinga gjennom kalken, og nokre år seinare vart kyrkja ved ei ny restaurering ført attende til noko nær sin opphavleg utsjånad. Ein del gammalt inventar kom på plass att, mellom anna eit altarbord av stein frå mellomalderen, som nå står i koret sitt sør-austre hjørne. Dette vart lenge nytta som dørhelle! Ved restauringa i 50-åra fekk benkene vakre, utskorne vangar mot midtgangen. Kyrkja vart også isolert, og det vart lagt inn elektrisk lys og varme.
Inventar
På sidealtaret ligg ein Christian IV – bibel frå 1632, og over heng kyrkja sitt gamle utskorne krusifiks. Altartavla er ein kopi av Gotfried Hentschel si renessansealtartavla i Ogna kyrkje (øydelagt av brann i 1991). Kopien vart gjeven til kyrkja etter siste restaurering. Preikestolen frå 1600-talet er laga av Thomas Snikkar, og måla av Peter Reimers. Døypefonten er frå same tid, medan dåpsfatet og mugga er av nyare dato.
Den seksarma lysekrona som heng midt i kyrkja er datert 1789. Det gamle altarsylvet frå 1600-talet vart teke ut av bruk i 1995, men kan sjåast i sakristiet.
Kyrkja har brudestolar i gyllenlêr. Pipeorgel på 11 stemmer står på galleriet i vest, og er frå 1967 (Rieger-Kloss). Kyrkja fekk piano i 1990.
I tårnet heng to klokker, ei frå 1793, den andre omstøypt i seinare år. Sjernarøy kyrkje er opplyst om kvelden. Flaumljoset, og mykje anna utstyr og inventar, er gåver frå einskildpersonar og lag i bygda.

Om lag 450 personar soknar til Sjernarøy kyrkje, og forutan kyrkjelege handlingar er det i kyrkja gudsteneste annakvar sundag, og sommarsamlingar i ferietida. Sjernarøy kyrkje er ikkje stor og prangande. Men her kjennest det som er viktigare enn gull og glans: Nærleik og varme. Og her veit ein at dei har samlast, både i sorg og glede, dei som levde før oss.

Utanfor kyrkjegardsmuren står minnebaut over forfattaren Alfred Hauge (1915-1986), frå garden Hauge på Kyrkjøy. 

JØRSTAD KYRKJE

Jørstad kyrkje ligg på Ombo, om lag 6 km. Frå Eidssund ferjekai. Ho vart reist etter initiativ frå folket på Ombo, og vigsla som kapell i Sjerarøy sokn den 14. oktober 1928. Kyrkja er bygd i ”ny-klassisk” stil, med nær kvadratisk grunnplan og kortilbygg i aust. Utvendig har kyrkja kvitmåla ståande panel. Etter måling hausten 1994 har kyrkja fått eit vakkert og stemningsfylt interiør i blåtonar. Om lag 250 menneske soknar til Jørstad kyrkje. Ho er i bruk til gudsteneste kvar 4. sundag, og elles til kyrkjelege handlingar og somme møte.

FOGN KYRKJE 

Fogn fekk sitt første kapell i 1916. Noverande arbeidskyrkje vart reist etter omfattande lokal innsats, og vart vigsla den 17. november 1991. Arkitekt er Elisabet B. Fidjestøl. Kyrkja er oppført i tr, med underetasje i betong. Det krossforma og høgreiste kyrkjerommet har uvanleg fin akustikk for både song og tale. Glasmåleriet i rosevinduet over altaret er laga av Veslemøy N. Stoltenberg (1993). Motivet heiter ”Krossen og rosa.” Altarmøbler, preikestol, døypefont og lesepult er teikna av arkitekten, og laga av lokale handverkarar. Brurestolar i gyldenlæer er gåve til kyrkja ved vigslinga. Kyrkjeklokke (Olsen-Nauen 1956) kjem frå det gamle kapellet. Underetasjen tenkjast innreidd til kyrkjelydslokalar. Om lag 320 personar soknar til Fogn kyrkje, som har ordinær gudsteneste kvar 4.sundag, og elles er mykje i bruk til andre gudstenestelege samver, og samkomer for born og unge

KJENDE PERSONAR

Av kjende personar som Finnøy har fostra kan det nemnast :

  • Ogmund Finnsson frå Hesby, som var drottsete og styrte Noreg for danskekongen i to periodar på 1300-talet (minnesmerke ved Hesby kyrkje). 
  • Asgaut Regelstad var med på Eidsvoll i 1814 og var ein av dei som sytte for at Noreg fekk eiga grunnlov (minnesmerke er reiset ved Hesby kyrkje)
  • Matematikaren Niels Henrik Abel vart fødd på Finnøy prestegard i 1802 (minnesmerke er reist ved prestegarden)
  • Alfred Hauge er ein av våre fremste etterkrigsforfattarar. Han vart fødd i 1915 på Kyrkjøy i Sjernarøy. Alfred Hauge skeiv ei lang rekkje bøker i perioden 1941 - 1986 (minnesmerke ved Sjernarøy kyrkje).