DIS-Norge
 
  English Norsk  

Bjerkreim

 

Bjerkreim kommune

Slektsforskerdatabaser
  Bjerkreim
  Helleland
Folketellinger
1114 Bjerkreim 
1115 Helleland 
Andre ressurser
Sambok
Søkbare kilder
 Kirker og gravsted

Bjerkreim er ein - i folketal - liten, men sentralt plassert innlandskommune i sør-austre delen av Rogaland. Kommunen ligg ca. 50 km sør for Stavanger, og E-39 går gjennom kommunen. Det er ca. 40 min. til Stavanger Lufthavn Sola.

Viktigaste næringsvegar er landbruk og industri.
Bjerkreim har ein rik og variert natur - og ei av dei beste lakseelvane i landet.

Kommunevåpenet er ein bjørkekvist i sølv på grøn botn. Dette er vald fordi kommunenamnet Bjerkreim har opphav i "Bjerkr-heim" - bjørka si heim. Kommunevåpenet vart vald i mars 1985 og godkjent same året.

Bjerkreim kan først og fremst by turistar rekreasjon og opplevingar i ein rik og variert natur og eit velstelt kulturlandskap. Her finn du eit flott turterreng med mange merka løyper. Det finst mange små og idylliske badeplassar. Fiskemulighetene er gode – både etter laks i Bjerkreimselva og innlandsfiske etter aure og røye.

Bjerkreimselva - rangert som ei av de beste lakseelvene i Norge. 
Fisket i Bjerkreimselva eies og disponeres i all hovedsak av Bjerkreim Elveigarlag, som byr fram for allment fiske omlag 54 kilometer elvebredd! - Fra Tengesdal ved grensa til Eigersund i sør, til Skjæveland og Hegelstad i nord.

Severdigheter i Bjerkreim

Gloppedalsura

Nord-Europas største steinur, steinar store som hus! Kjent frå krigshandlingar i aprildaga i 1940 

Kløgetvedtunet 

Gamalt gardstun, med våningshus, steinfjøs, stall og smie. Bruksgjenstandar frå det gamle bonde-samfunnet. Ope kvar sundag kl. 13-17 i sommarmnd. Bestilling for eigne arr, tlf. 5 I 20 11 00. 

MK Ørsdølen - siste båten som gjekk i organisert rutetrafikk på innsjø i Rogaland. Båten går frå Odlandstø kvar sundag kl. 11 frå midten av juni og ut august.

Flott tur i naturskjøne omgivingar. Leige utanom rutetidene, kontakt tlf. 958 23 015. 

Gardsmuseet i Austrumdal 

Kornløe frå 1600-talet - stor samling av gamle reiskapar og gamalt inventar frå garden. Ope etter avtale med eigar på tlf. 51 45 85 80/945 72 875. 

Ørsdalen Gruver og gruvemuseum 

I 1901 fant ein Molybden, og seinare Wolfram i Ørsdalen. Gruvene er dessverre ikkje lenger opne for publikum.

I samanheng med gruvene finnes eit lite gruvemuseum, med utstilling av bilete og mineralar. Museet er ope etter avtale, ta kontakt med kommunen. 

FN-parken 

Ved Vikeså Veiservice, langs E-39. Minnesmerke over soldatar frå Rogaland som har falt i FN-teneste. 

Fornminnefelt 

Unike restar frå folkevandringstida. Like ved E-39, lett tilgjengeleg frå rasteplassen på Storrsheia.

Kirker og gravsted i Bjerkreim

Bjerkreim kirke

Langkirke bygd i 1835 i tre med 500 plasser. Arkitekt: Linstow, Hans Ditlev Frank. Restaurert 1935 og 1985. Dalane prosti, Bjerkreim Kommune.

Helleland prestegjeldet går tilbake til tida før reformasjonen og hadde frem til 1820 soknene Helleland, Heskestad og Bjerkreim. 1820: Ved kgl.res. 31.01. ble Heskestad sokn overført til Lund prestegjeld.

Lenker:


Kilde: Wikipedia
 

Foto: Karleif Lende   

Kilde: Wikipedia

Foto: Karleif Lende
Bjerkreim kirkegård

 

Ivesdal kapell - langkirke

Langkirke bygd i 1876 i tre med 210 plasser. Dalane prosti, Bjerkreim kommune. Arkitekt: Larsen, C/Helleland T.F.

Lenker: 


Kilde: Wikipedia

Foto: Inge Nødland

Foto: Arne Toftøy-Andersen

 

Ivesdal kirkegård

 
Foto: Inge Nødland

Foto: Arne Toftøy-Andersen

  

Ørsdalen gravplass

Lenker:

 
Foto: Arne Toftøy-Andersen
 
Foto: Arne Toftøy-Andersen